Onsdag vann Mjøndalen 3–2 heime mot Strømmen etter ei sein scoring. Det var eit svært gunstig resultat for Hødd.
Dersom Hødd slår Sandefjord søndag, samtidig som Tromsdalen og Strømmen taper sine kampar, er nedrykkskampen truleg over for Hødd sin del. For sjølv om det då vil vere tre poeng mellom Hødd og Tromsdalen har blåtrøyene klart best målskilnad.
– Vi ønskjer å avgjere dette i helga. Eit scenario der vi må opp til Bodø for å slå Glimt i siste runde ønskjer ingen. Humøret er godt i gruppa og alle er svært motiverte for å sikre plassen. At vi møter eit godt lag trur eg berre er positivt for oss. Vi spelar oftast best mot dei beste, og har dei siste par åra også spelt gode kampar mot Sandefjord – sjølv om ikkje har fått med oss poeng frå desse oppgjera. Vi manglar Pål André Helland mot Sandefjord. Det er sjølvsagt dumt. Han er ein bra spelar. Det positive er at Pål uansett kan spele mot Bodø/Glimt, noko som også kan bli ein viktig kamp, seier Hødd-keeper Ørjan Håskjold Nyland til Vikebladet Vestposten.
Alle kampane i den nest siste Adeccoliga-runden går klokka 12.30 søndag. Hødd-Sandefjord følgjer du live på vikebladet.no. Vi kjem med lagoppstillingane om lag klokka 12.00.
Fakta
Desse lagar kjempar om å unngå 13.-plassen:
10. Bryne, 34 poeng (minus 13)
11. Hødd, 32 poeng (minus 6)
12. Tromsdalen, 32 poeng (minus 13)
13. Strømmen, 31 poeng (minus 14)
Relevante kampar for Hødd søndag:
* Bryne-Mjøndalen
* Strømmen-Alta
* Tromsdalen-Bodø/Glimt
Les også: