Sist Elnesvågen og Omegn kom på besøk til Høddvoll, måtte keeperen plukke heile seks ballar ut av nettet sitt. Måndag kveld fekk laget frå Romsdal hemn.

Nykomaren Tobias Vibe kunne ha stanga inn opningsmålet etter berre 11 minutt, men tverrliggaren stod i vegen denne gongen. Også Rune Ertsås snuste på si fyrste Hødd-skåring, men ei god redning av keeper nekta trønderen i å få nettkjenning.

Like før pause fekk gjestane ein kjempesjanse til å gå opp i leiinga. Ei svært god redning frå keeper Ole Monrad Alme avverja forsøk nummer éin, men returen hamna rett i beina til Peter Berg Hestad som enkelt kunne setje inn leiarmålet.

To kjappe

Resultatet held seg til om lag eit kvarter ut i den andre omgangen. Eit innlegg frå høgreback Torvald Ringstad trefte midt på pannebrasken til Eirik Kristiansen som stupheada inn utlikninga.

Gleda skulle derimot vere kortvarig for heimelaget.

Kristian Benjaminsen sende Elnesvågen enda ein gong i føringa i det 73. speleminuttet, før Kjetil Brudeset fastsette sluttresultatet til 1-3 nokre minutt seinare.

- Skuffande

Ein lettare sjokkert Eirik Heltne greidde ikkje heilt å setje ord på kva som gjekk gale i den andre omgangen.

- Det er skuffande, og ikkje minst overraskande. Vi sleit litt i den andre omgangen, men eg kan ikkje forstå at det har noko med den fysiske forma vår å gjere. Ein av årsakene kan vere at dei pressa oss høgt oppe, og då fungerte ikkje alt som vi prøvde på, forklarar Hødd-kapteinen.

- Vi har gode periodar både før målet deira og utlikninga vår, men etter at dei skåra mål nummer to fekk vi høge skuldrer. Det prega oss sjølvsagt, men det må vi tole. Vi må kjenne litt på kjensla av å bomme litt og så treffe litt. Vi kjem tilbake, legg trenar Kenneth Moldskred til.

Kampfakta

3.-divisjon avdeling 9, runde 3Hødd 2.-lag - Elnesvågen og Omegn 1-3 (0-1)Høddvoll kunstgrasTilskodartal: ca 40Mål: 0-1 Peter Berg Hestad (43), 1-1 Eirik Kristiansen (58), 1-2 Kristian Benjaminsen (73), 1-3 Kjetil Brudeset (77)

Hødd (4-3-3): Ole Monrad Alme - Torvald Ringstad, Tobias Vibe (Eirik Bringsvor, 59), Mathias Grimstad, Alexander Eksund - Bendik Torset, Eirik Heltne, Henrik Grimstad - Henrik Gjengår, Rune Ertsås (Eirik Kristiansen, 46), Robin Hjelmeseth

Heider:

*** Bendik Torset** Ole Monrad Alme* Eirik Heltne