Det er berre ei veke att til dei regjerande seriemeistrane Molde FK kjem på besøk til Ulsteinvik for å spele 3. runde i NM. Vil du ha sitjeplass for å sjå Ole Gunnar Solskjærs menn på Høddvoll, så har du ei snau veke på deg.

- Per i dag (onsdag) så har vi om lag 300 billettar att på sitjetribunen. Desse billettane reknar eg med vil bli seld unna før kampen, så det vil lite truleg bli seld billettar av dette slaget på kampdagen, seier marknadskonsulent Lars-Petter Rønnestad til Vikebladet Vestposten.

Om du ikkje har fått sitjeplass før kampen vil det likevel bli høve til å kjøpe billettar på ståtribunen.

- Der har vi rundt 700 billettar att, så det kan ein få kjøpt når ein kjem på kampdagen også, seier Rønnestad.

Kampen blir spelt onsdag 29. mai.