Torsdag kveld er det klart for Hareid sin første heimekamp for sesongen. Då kjem Langevåg over fjorden.

Begge laga fekk ein bra start på sesongen, Langevåg med 4-1 siger heime mot Valder, medan Hareid slo til med 2-1 siger borte mot Skarbøvik.

Dermed sigra Hareid i opningskampen for tredje sesong på rad, men skal vi tru laget sine nettsider må ein bryte ei barriere dersom det skal bli poeng heime mot Langevåg. 2008 er siste gongen Hareid gjekk sigrande ut av dei to første serierundane. Og ser ein på resultata frå 2015, må Langevåg vere favorittar før kampen på Hareidsmyrane. Då enda det med 5-1 og 5-0 til Langevåg.

Men sidan den gong har Hareid slått Langevåg 2-1 i ein treningskamp, så kanskje blir det jamnare når laga møtest på Hareidsmyrane denne sesongen?

Kanske kan Hareid gjere som i oktober 2014, då Thor-Ove Brekke sikra 2-1 sigeren til Hareid 20 minutt før slutt.

For Hareid er Lars Roar Holstad uaktuell, og Nauris Driksna må truleg stå over etter å ha pådrege seg ein strekk mot SIF.