Meir enn 90 barn i alderen 6 til 12 år var involvert i DNB Idrettsleikar arrangert av Dimna IL på Høddvoll denne veka.

– Det har eigentleg gått veldig bra. Det var litt kjedeleg med regn i starten på veka, men i år har vi hatt tilgang på nye Ulsteinhallen, så det har gått fint, fortel Hallbjørn Hasund Thorseth som har vore ein av leiarane under arrangementet.

Og medan vêret i starten på veka ikkje var det beste, fekk både leiarar og ungar kose seg i strålande seinssommarsol.

Alle kan finne si øving

Idrettsleikane gir barn, både med og utan tidlegare kjennskap til friidrett, mogelegheita til å prøve ut ei rekkje ulike øvingar i løpet av ei heil veke fylt med idrett, leikar og aktivitetar.

– Fotballen har hatt tilbod i ei rekkje år, og no har vi hatt dette tilbodet i tre år. Ein ser at det er ein del som får lyst til å starte med friidrett etter å ha vore med på Idrettsleikane, fortel Hasund Thorseth.

Deltakarane på Idrettsleikane får som nemnt prøve seg på alt frå kast- og hoppøvingar, til sprint, kappgang og lengre løpsøvingar.

– Det er så mange ulike øvingar at alle kan finne noko som passar for dei. Vi prøvar å kome innom alle øvingane i friidrett, det er forskjellig frå dag til dag. Vi gir barna ein smakebit på alt. For dei yngste er det kanskje ikkje alle øvingane som er så enkelt i starten, men dei får til ein del og det er veldig bra, seier Hallbjørn Hasund Thorseth.

Idrettsleikane gir også god leiartrening for ein del av utøvarane i Dimna IL, som stiller med 15 leiarar.

– Vi må lære oss å vere litt strengare frå tid til anna. I tillegg så vi tek oss av småskadar og anna som skulle oppstå. Det er jo også nokre av deltakarane som ikkje snakkar norsk, så det gir ei utfordring. Vi har kvart år nokre ungar frå asylmottaket som er med og det er veldig kjekt. Dei får vere med saman med dei andre ungane og skaffar seg vener, sjølv om det kanskje ikkje kan snakke så mykje saman.

Arve Hatløy fortel at Idrettsleikane er ein flott arena for å vise fram kva friidretten har å by på.

– Det er eit veldig godt konsept, og når vi har over 90 deltakarar så ser ein at interessa for det er stor, seier Hatløy.