To nysigneringar frå Bergsøy fekk sin debut i dette oppgjeret, Gustav Pettersen (starta) og Bjørnar Gundersen (innbytar).

Hasundgot skriv på sine sider at spelarane var noko prega av at det er to månadar sidan førre seriekamp, men at det lausna etter kvart.

Midtvegs i første omgang, eller ved rundt 23 minutts spel, sette Sebastian Moldskred Kleven inn kampens einaste mål på frispark. Cato Veien var ganske nær ved å doble leiinga for Hasundgot frå kritmerket før pause, men ballen gjekk i stolpen og ut.

Etter ein kontrollert andre omgang kunne Hasundgot innkassere haustsesongens første siger, og tre viktige poeng som held dei på tabelltoppen.

I neste serierunde er det Hødd 2 som står for tur.

– Dette var ei heilt grei gjennomkøyring. Vi leverer ikkje heilt «King Kong-fotball», men vi har full kontroll heile kampen. Defensivt er vi gode, sjølv om vi startar med ein litt uvant formasjon, sa trenarduoen Per Gustavsen og Øystein Bohinen Muren, som også gav ros til nysigneringane.

Stortap i Gjerdsvika

Diverre for Hareid sitt andrelag vart det nok ein tung tur heim igjen etter eit stortap på Storøyra gras same kveld.

Motstandar Gjerdvika IL/Larsnes/Gursken FK 2 vart nokre nummer for store, og gav seg ikkje før dei hadde banka inn 8 mål.

Med det har Hareid 2 framleis til gode å ta poeng i 6. divisjon avdeling 3, etter at dei har spelt seks serierundar.