Det var utøvarane frå den mellomste og eldste treningsgruppa i Hareid IL Friidrett som var samla laurdag, til ei økt der dei både fekk bevege litt på seg, men også litt påfyll av både mat og heider.
Under det uhøgtidlege treningsstemnet vart utøvarane først leidd gjennom ei oppvarming under leiing av Hege Holstad. Deretter var det klart for øvingar som 40 meter, stille lengde, kule, presisjonskast og meir til.
Etter økta i Hadarhallen vart aktiviteten flytta inn i aulaen på Hareid ungdomsskule, der årsfesten for friidrettsgruppa vart gjennomført. Her fekk utøvarane kose seg med pizza, brus og snacks, og utøvarane fekk mimre litt tilbake til året dei har vore gjennom på friidrettsbanen.
Der er det fleire Hareid-utøvarar som har markert seg i løpet av 2023. Ikkje minst gjeld det Borghild Oline Holstad, som har levert svært gode prestasjonar ved fleire høve, noko som mellom anna resulterte i uttak og deltaking under U20-EM i Jerusalem.
Under årsfesten fekk Holstad utdelt bragdpokal frå Hareid IL Friidrett for sitt landslagsuttak.
Friidrettsgruppa delte også ut ei rekkje prisar til sine utøvarar.
Dei delte mellom anna ut prisar til beste jente og gut i fleire øvingar:
Lange løp:
Eskil Naustengen Bjørlykke på 800m med tida 2.08.79 min som gir 796 poeng på tyrvingtabellen.
Hedda Selvåg Larsen på 600m med tida 2.02.80 min som gir 692 poeng på tyrvingtabellen.
Korte løp:
Peter Olav Pilskog Bitocchi på 100m med tida 11.00 sek som gir 1085 poeng på tyrvingtabellen.
Synne Selvåg Larsen på 200m med tida 25.63 sek, som gir 1114 poeng på tyrvingtabellen.
Kast:
Hugo Greve Kristiansen på kule med 8.90m som gir 904 poeng på tyrvingtabellen.
Malin Flø Husøy på kule med 9.81m som gir 904 poeng på tyrvingtabellen.
Hopp:
Gudmund Gryt Grimstad i lengde med 3.67m som gir 669 poeng på tyrvingtabellen.
Synne Selvåg Larsen i lengde med 5.21m som gir 991 poeng på tyrvingtabellen.
Det blei også markert at Hareid IL Friidrett fekk ei rekkje nye klubbrekordar i løpet av året. Desse utøvarane sikra nye klubbrekordar i løpet av 2023: Peter Olav Pilskog Bitocchi, Borghild Oline Holstad, Anna Maria Kostaris, Synne Selvåg Larsen, Hedda Selvåg Larsen, Tiril Grimstad Kirkebø, Malin Flø Husøy, Ane Rise Brandal.