KFUM skapte klart flest sjansar i 1. omgang, trass i at Hødd hadde ballen mest. Gjestane utnytta fleire gonger eit sløvt forsvarsspel frå Hødd si side. Kjappe og driblesterke Mola ordna begge KFUM sine mål – og både før og etter måla hadde KFUM-spissane vore åleine med Hødd-keeper Joachim Goksøyr Ulstein.

Hødd2 hadde eigentleg berre ein stor sjanse før pause, då Sveinung Tilset Sæterås heada frå kort hald. Då var gjestekeeperen både god og heldig. Like etter sette Sindre Kleiven pannebrasken til eit innlegg, men frå litt lenger distanse – og keeper fekk ballen midt på seg.

Hødd-spelarane var ikkje på alerten, som det heiter, og brukte for lang tid mellom ballmottak og neste trekk i heile 1. omgang.

Her skulle det krigast

I 2. omgang kom heimelaget på bana med ei heilt anna innstilling. Her skulle det tydelegvis krigast om kvar ein ball – og omgangen vart eit einaste langt angrep mot KFUM Oslo sitt mål. Berre etter to minutts spel slo Johannes Sundgot inn frå sida til Badr, som meinte seg nedløpt (sjå foto) i mølja framfor mål. Men dommaren let det gå.

I det 64. minutt fekk Hødd2 endeleg hol på byllen. Robin Hjelmeseth fekk ballen frå Magnus Myklebust og skaut i mål etter ei kjapp tverrvending. 1-2. Etter dette jaga heimelaget ei utlikning for full maskin. Den kunne fort ha kome i det 69. minutt då Badr raida framover bana og slo ein stikkar til Magnus Myklebust, som prøvde å styre ballen forbi den utrusande keeperen, men ballen strauk stanga på utsida. I det 71. minutt kunne Robin Hjelmeseth ha fått sin andre fulltreffar, men skaut høgt over.

Så kom likevel utlikninga – på straffespark. Robin Hjelmeseth var eksekutør etter sjølv å ha vorte felt like innafor 16-meteren. Det kan tenkast at Robin gjekk for straffe i den situasjonen, men fellinga var udiskutabel.

I dei hektiske sluttminutta hadde KFUM Oslo ein diger sjanse til å ta alle poenga, men 2-2 var eit greitt resultat etter Hødd sin sterke 2.-omgang.

KAMPFAKTA:

3.-div.:

Nye Høddvoll:

Hødd2-KFUM Oslo2 2-2 (0-2)

125 tilskodarar.

Mål: 0-1 (Mola 21), 0-2 (Mola 23), 1-2 (Hjelmeseth 64), 2-2 (Hjelmeseth 85).

HØDD2: Joachim Goksøyr Ulstein, Sander Djupvik, Elias Flø, Sveinung Tilset Sæterås, Johannes Sundgot, Eirik F. Saunes, Sindre Kleiven, Peter Hasund, Robin Hjelmeseth, Magnus Myklebust, Badr Rahhoui. Innbytte: Peter Worren i 45 min. for Tilset Sæterås, Isak Haanes i 45 min. for Kleiven, Daniel Haanes i 27 min. for Saunes, Bastian Rasmussen i 5 min. for Sundgot.

*** Robin Hjelmeseth

** Johannes Sundgot

* Badr Rahhoui

Resultat 3. serierunde, 3.-div.:

Hødd2-KFUM Oslo2 2-2, Ready-Ullern 2-2, Spjelkavik-Oppsal 2-3, Herd-Rilindja 0-1, Follo-Lokomotiv Oslo 5-1, Molde2-Drøbak Frogn 5-1, Træff-KBK2 3-2.

Tabell:

1Oppsal3- 9
2Follo3- 7
3Træff3- 7
4Molde 23- 6
5Drøbak-Frogn3- 6
6KFUM 23- 4
7Spjelkavik3- 4
8Herd3- 3
9Rilindja2- 3
10Lokomotiv Oslo3- 3
11Ullern2- 2
12Ready3- 1
13Hødd 23- 1
14Kristiansund 23- 0

I neste kamp (6. mai) møter Hødd2 Ullern på bortebane.