1/8-finalen mellom Oppsal og Hareid sine 7arlag i A-sluttspelet vart spelt onsdag kveld. Etter 0-0 ved full tid vart det først ekstraomgangar, før kampen til slutt måtte avgjerast på straffesparkkonkurranse. Der var det Oppdal som leverte best og som slo ut Hareid.

Men her hadde ikkje alt gått rett føre seg, for i staden for to ekstraomgangar vart det berre spelt ein. Hareid enda opp med å levere protest og fekk gjennomslag. Dermed omkamp mellom laga torsdag morgon.

I det første oppgjeret mellom laga var det Hareid som såg ut til å ha mest å kome med, men utan å få ballen i mål. Også omkampen mellom Oppdal og Hareid blei av det målfattige slaget, men Hanna Holstad Grimstad teikna seg på scoringslista med kampens einaste mål og sørga for at Hareid skal spele kvartfinale mot Hafslo.

Kort tid før kvartfinalen

Sidan Hareid måtte ut i omkamp var det berre få timar til neste kamp. Likevel såg det ikkje ut til at Hareid-jentene var prega av det tøffe kampprogrammet.

Hanna Holstad Grimstad gav Hareid leiinga tidleg i kampen. Like før pause auka Elen Alme til 2-0.

Om lag ti minutt ut i den andre omgangen pressa Hareid på for ny scoring. Elen Alme skaut først via ein forsvarar, Hareid vann att ballen, som blei spelt vidare til Shaajeena Jeyathas. Ho dribla seg enkelt forbi ein forsvarar før ho banka ballen i hjørnet til 3-0.

Hafslo klarte aldri verkeleg å truge Hareid og i staden hadde Hareid nokre gode moglegheiter til å auke leiinga, mellom anna ved Sandra Moldskred.

Det blei likevel ikkje fleire mål og Hareid sikra seg ein svært fortent 3-0 siger og dermed semifinaleplass.

Snudde til siger og sikra finaleplass

I semifinalen var det Gaular som var Hareid sine motstandarar, og det var Gaular som tok leiinga i kampen.

Men Hareid hadde ikkje tapt ein einaste kamp i turneringa så langt, og hadde ikkje tenkt å starte med det i semifinalen. Først utlikna Silje Årsbog Bjåstad til 1-1, deretter sende ho Hareid i føringa. Elen Alme og Tuva Slevik Høybakk teikna seg også på scoringslista for Hareid og sørga for at Hareid er klare for finale i A-sluttspelet.

Finalen går fredag 14:00. Der er Blindheim IL motstandar.