Rolls-Royce har inngått ny, og betre, sponsoravtale med Hødd rundt ungdomsgruppa. Dei blir då hovudsponsor i tre nye år. F.v.: Sindre Eid, marknadssjef Hødd, Ellen Kvalsund, Rolls-Royce, og Per Arve Moldskred, leiar u-gruppa i Hødd.

- Rolls-Royce er ein stor aktør i lokalsamfunnet, og vi vil bidra inn mot ting som gjer lokalsamfunnet betre. Hødd er i ei særstilling der flest av våre tilsette er engasjerte, fortel Ellen Kvalsund, informasjonssjef i Rolls-Royce.

- Hødd har eit veldig proft forhold til breiddefotball, og vi støttar ungdomsgruppa, seier Kvalsund vidare.

Etter tre år som hovudsponsor for ungdomsgruppa i Hødd, inngjekk Rolls-Royce onsdag ein ny 3-årsavtale rundt ungdomsgruppa. Denne avtalen er forbetra mange hakk, men Rolls-Royce vil ikkje ut med nokon sum.

- Det er ei fornying av den forrige avtalen, og den er forbetra. Dette er vi veldig nøgde med, fortel marknadssjef i Hødd, Sindre Eid.

- Treng langsiktigheit

Leiar for ungdomsgruppa i Hødd, Per Arve Moldskred, fortel at sponsoravtalen kan gi best mogleg tilbod for flest mogleg.

- Vi har eit budsjett på 3-4 millionar i ungdomsgruppa, og med det treng vi langsiktigheit. Dette for å gi eit best mogleg tilbod for alle i ungdomsgruppa, seier Moldskred.

Anlegget på Høddvoll har óg utvikla seg dei siste åra - og er i konstant utvikling -, og sidan ungdomsgruppa er største brukar, har det gått ein del pengar hit også.

- Anleggsbiten har blitt utvida, og ungdomsgruppa er den største brukaren av dette. Det er bra med langsiktigheit for å ha dei gode rammevilkåra på plass, og vi er veldig fornøgde med denne avtalen, informerer leiaren for ungdomsgruppa.

J16-fokus

I tillegg til å vere hovudsponsor for ungdomsgruppa, er Rolls-Royce også hovudsponsor for FFO (Fotballfritidsordning). Denne helga er derimot fokuset på cupfinalen i J16-klassen, som skal spelast mellomg Hødd og Lyn på Høddvoll. Rolls-Royce er hovudsponsor for kampen.

- Fokuset denne helga er på J16. Det dei utstrålar er akkurat det vi vil støtte. Dei er jenter som vil noko, og dei vil noko som ei gruppe, nikkar Kvalsund.

- Dei er gode førebilete i Hødd, og vi er stolte av å sjå J16 saman med Rolls-Royce, avsluttar informasjonssjefen.