Dermed vart Hødd nr. 2 i avdelinga si. Aksla stilte med sitt beste mannskap, med fleire 3.-divisjons-spelarar på laget. Hødd blei hekta av i gullstriden forrige veke då dei gjennomførde to kladdekampar mot Træff og Kristiansund. Men jentene sette eit verdig seriepunktum ved til tider å rundspele Aksla. Dermed vart det siger, seriesølv i fylkesserien og mestskorande lag. Ein sterk prestasjon, særleg med tanke på at både Træff, Aksla, Spjelkavik og Kristiansund stiller mange 2.- og 3.-divisjonsspelarar i kampane sine. Vi gratulerer med ein flott sesong!