Hødd møtte Herd til treningskamp på Høddvoll søndag ettermiddag. Kampen enda 5-2 etter at det stod 1-1 ved pause. Gjestene starta best, viste pasningsspel av klasse og tok leiinga 1-0 etter berre 10 minutt. Mot slutten av omgangen tok Hødd over og utlikna etter eit fint angrep der Eirik Heltne avslutta med å sette ballen i mål. I andre omgang køyrde Hødd over Herd etter alle kunstens reglar. Jørund Widnes Johansen laga 2-1 og 3-1; det første etter nydeleg forarbeid av Christian Mork (hospitant frå Hareid f. 93), det andre etter frispark frå Martin Haanes. Eirik Heltne gjorde så 4-1, medan Martin Haanes avslutta med 5-1 før halve omgangen var over. Mot slutten av kampen reduserte Herd. Hødd nytta heile troppen sin på 17 mann.