Dag Roar Ørsal vert ikkje Hødd-spelar i 2012. Foto: Andreas K. Rasmussen/arkiv

Dag Roar Ørsal kom tilbake til Hødd før 2011-sesongen, men vart skada i treningskampen mot Molde FK, og kom ikkje tilbake i full trening etter det.

- Vi er sikre på at ein skadefri Dag Roar ville hatt mykje å bidra med i Hødd, men etter å ha prøvd ulike behandlingsmetoder og gjennomført undersøkelsar med spesialistar landet rundt, er det er lite som tyder på at han vil verte skadefri på kort sikt. Med bakgrunn i dette, har Dag Roar og Hødd vorte einige om å avslutte kontraktsforholdet, seier Andrè Nevstad til hodd.no.

- Det er sjølvsagt trist at vi ikkje fikk sett Dag Roar tilbake i god gamal form i den blå-kvite Hødd-drakta, men vi takkar han for innsatsen.