I startoppstillinga til fredagens Hødd-lag hadde tre nye andlet funne stad. Prøvespelarane Didrik Fløtre og Øystein Aksnes starta kampen saman med nysigneringa Pål Andre Helland. Etter pause fekk tilskodarane sjå nok ein debutant i Sognahallen. Fredrik Aursnes kom inn etter pause og imponerte hovudtrenar Lars Arne Nilsen.

- Han klarte seg veldig bra, men det er eg eigentlig ikkje så overraska over. Etter det eg har sett av han på trening var det nesten som forventa det han presterte i kampen. Absolutt eit pluss i margen, fortalde Nilsen til Vikebladet etter kampen.

LES OGSÅ: 2-0-tap for Hødd

Nilsen erkjende at sigeren til Sogndal var fullt fortent. Dette er den første kampen i 2012, noko som kom tydeleg fram. Laget var ikkje heilt i rytme, og dei nye relasjonane fungerte ikkje optimalt. Likevel er ikkje trenaren altfor nedtrykt.

- Vi spelte dessverre litt under pari, men det var ei god gjennomkøyring og gav oss ei fin moglegheit til å sjå kva vi må jobbe meir med. Det vart også brukt ein god del bytar i kampen for å gi så mange som mogleg sjansen til å vise seg fram. Hadde dette vore ein seriekamp hadde ikkje vi endra så mykje på laget.

Sogndals første mål kom etter ein dødball som Tore Andre Flo stanga inn via stolpen. Rett før pause auka Tonny Brockmann leiinga til 2-0 etter svak kommunikasjon i Høddforsvaret. Andreomgangen var ikkje spesielt underhaldande, men Nilsen var nøgd med at laget heldt nullen.