Friidretts-NM er i gang på Sandnes Idrettspark og dei første Dimna-utøvarane har allereie vore i aksjon.

Først ut var Nicolas Roppen Masters i sitt forsøk på 100 meter. Med tida 11,44 var han for seint ute til å sikre seg ein plass i semifinalen. Roppen Masters er også på startstreken på 200 meter.

Fride Møller Flatin har vore ut på 3000 meter kappgang. Ingen kunne gjere noko med Merete Helgheim frå Gloppen, som også vann i Ulsteinhallen under NM der. På førehand meinte trenar Arve Hatløy at ho kunne vere med i kampen om medalje, sjølv om 3000 meter er i kortaste laget. Det gjekk heller ikkje heilt raskt nok til å vere med heilt i toppen denne gongen, og Møller Flatin gjekk inn til ein sjetteplass med tida 16.13;47. Det er eit godt stykke bak hennar personlege rekord på øvinga.

Toralv Opsal starta NM i lengdegropa, der hans beste forsøk vart 6,92 meter. Det er eit stykke bak "persen" og heldt ikkje til medalje denne gongen. Opsal enda på ein sjetteplass. Amund Høie Sjursen vann konkurransen.

På 400 meter hekk var det i utgangspunktet lagt opp til forsøksheat, men sidan det berre var åtte deltakarar på startstreken går ein rett til finale. Der møte Marthe Mjøen Berg mellom anna Amalie Iuel, som er den store favoritten på øvinga. Iuel fekk tøffast konkurranse frå Line Kloster, men det var Karsten Warholm sin treningskamerat som var sterkast. Marthe Mjøen Berg sprang inn til ein femteplass på 1.02,82. Det er om lag to sekund bak hennar personlege rekord frå NM på Jessheim, men absolutt godkjent etter eit langt skadeavbrekk.

Sistemann ut fredag var Ådne Andersen i forsøket på 800 meter. Her sprang han i heat med mellom anna stortalentet Jakob Ingebrigtsen, som tidlegare på kvelden sikra seg NM-gull på 5000 meter. Fire løparar frå kvart heat skulle vidare til finalen, og Ådne Andersen sikra seg tredjeplassen i sitt heat framom Ingebrigtsen.