Frå fredag kveld til laurdag morgon gjekk Sparebank 1 Nattcupen av stabelen i Ulsteinhallen, og det enda med sigrar til "Mannegruppa Oter" i herreklassa og "Måltørke" i ungdomsklassa.
Sistnemnte var ustoppelege gjennom heile turneringa, og tok seg gjennom gruppespelet med tre sigrar og 12-0 i målskilnad. I kvartfinalen møtte "Måltørke" "Høddal", og det blei grei skuring for hareidsdølane. Både August Brandal og Andreas Nesset Jr hadde ein bra dag framom mål, og "Måltørke" vann til slutt 8-0.
Fullt så mange mål blei det ikkje i semifinalen mot "Kolos Army", men Måltørke var igjen klart best og vann 4-0 for å sette opp finale mot "Tiki Taka FC".
Også der tok "Måltørke" kommandoen frå start, og leda 2-0 før "Tiki Taka FC" reduserte. Deretter kom det to mål til for "Måltørke", før "Tiki Taka FC" sette finalens siste scoring til 4-2. Ein fortent siger til "Måltørke" som sleppte inn sine første mål i turneringa i finalen.
I herreklassa var det "Mannegruppa Oter" som trekte lengste strået. Dei vann begge sine kampar i gruppespelet, og tok seg greitt gjennom 8.-delsfinalen med ein 4-1 siger over "Koko". Bendik Rise, Torbjørn Kallevåg og Eirik Saunes (2) scora for "Mannegruppa Oter"
Kallevåg scora begge måla då laget tok seg vidare til semfinale etter ein 2-0 siger over "KG", og dermed var det klart for semifinale mot "IsakSander&Co". Der vart dei ei tettare og tøffare batalje, med til dels høg temperatur ute på bana. Her blei det berre ei scoring, og "Mannegruppa Oter" var klare for finale.
Der møtte dei "Tenke Neste" som også vann begge sine kampar i gruppespelet, og som slo "Larsnes FC", "Fosnavåg Brygge FK" og "Skjedde med Hødd da?" på vegen mot finale. Sindre Thue med to og Runar Stranden med eitt sikra ein 3-0 siger i semifinalen.
I finalen vart det igjen ein tett kamp, men Bendik Rise sende "Mannegruppa Oter" i leiinga. Deretter jaga "Tenke Neste" på for utlikning, men utan å klare å overliste Sivert Pieroth i mål. I staden scora Eirik Saunes med kampens siste spark på ballen, og sette dermed 2-0 i det sluttsignalet gjekk.
"Mattis Disipler" med Amalie Brandal Kragset, Therese Holstad, Anna Thunem, Marte Aarsand Vik, Vilde Hasund, Ragnhild Ertesvåg og Maria Skar vann dameklassa. Den vart gjennomført utan sluttspel, men laget vann alle sine fire kampar og vann dermed framom "Ekke så lett".