21-åringen Karsten Warholm er ein av tre kandidatar som kan verte årets gjennombrudd på verdsbasis.

Det er det internasjonale friidrettsforbundet IAAF som står for kåringa, og utdelinga skjer under deira Athletics Award-galla i Monaco 24. november.

Den norske verdsmeisteren på 400 meter hekk konkurrerer med den amerikanske sprinteren Christian Coleman og den svenske stavhopparen Armand Duplantis.