Seinare i kveld stikk Hødd-spelarane innom Youngstorget for å helse på supporterane. Men i all hovudsak ladar høddarane opp ved å slappe av.
- Vi har ete, slappa av og gått litt rundt om i bygda. Det er mange som vil prate og vi møter på mykje blått. Vi merkar trykket, og det er veldig kjekt. Det nærmar seg no. I kveld skal vi lade batteria og sove godt, fortel Erik Sandal.
Som konsekvent omtalar Oslo som ei bygd.
- Det begynner å krible litt no. I morgon skal vi sleppe oss lause. Vi er klare og har alt å vinne i finalen, legg Sandal til.
Det verkar som stemninga blant Hødd-spelarane er god dagen før dagen.
- Det er ei lett og ledig stemning i gruppa. No skal vi sleppe oss lause søndag. Det er jo ei "once in a lifetime"-oppleving. Eg veit ikkje korleis spelarane responderer på dette. Svaret får vi ikkje før i morgon. Men eg håper vi kan spele med låge skuldrer og tore å spele vårt spel. Kjem vi opp på nivået vi heldt i 1. omgang mot FK Haugesund og 2. omgang mot Brann kan vi vinne. Det er der lista ligg, seier trenar Lars Arne Nilsen.
Les også:
* Sjekk 11-aren* Endeleg Grodås-gull?* Vil avslutte med stil* Biletserie frå laurdagstreninga* Fredrik føler seg vanleg