Det var under mandagens Kick-Off møte at Skotheim la fram planane og ambisjonane for den komande sesongen. Skotheim innleidde med å presentere kva spelarar Hareid er interesserte i å knytte til seg. Andreas Kurseth, Frank Sverre Skorpen, Preben Sætre, Steffen Kvalsund, Torgeir Skeide, Steffen Lilleås, Oskar Gunnarstein og Thomas Sætre Hauge, er alle namn som trenarteamet no vurderar. Skotheim innser at det blir vanskeleg å få alle over til Hareid, men håper at ein i alle fall kan få signere nokre av dei. Sætre, Skeide og Hauge var dei einaste av desse som var til stades under møtet, og per dags dato er det også dei som er mest aktuelle for Hareid-spel i 2009. Ingenting er enno bestemt, men dei tre er positive til ein overgong.

Treningsauke

Skotheim – som er inne i sitt femte år i Hareid – var klar på at klubben må betre treningskulturen framfor neste sesong. Han erkjente at fjoråret ikkje var godt nok, og sa at han vil gå litt annleis fram i høve utveljinga av årets stall. - Ein endeleg a-stall vil ikkje bli offentleggjort før i februar. Med det håper vi å sile ut dei som eventuelt ikkje er motiverte i løpet av januar, kommenterte Hareid-trenaren. Som også var krystallklar på at han vil stille større krav til treningsoppmøtet. Gjennom desember-månad skal laget ha to treningar i veka, men frå og med januar vil Skotheim køyre fire økter i veka. - Så folk gjer lurt i å stille godt førebudd i januar.

Stor stall

Han er ikkje i tvil om at Hareid skal kjempe i toppen av tabellen neste sesong. I tillegg har trenaren også cupen som eit stort mål. - Men for å klare desse måla vi ha svoltne spelarar som er villige til å revansjere fjoråret. Kort sagt må lista hevast. Akkurat no har han og dei to nye assistent-trenarane, Vagn Scheide Mork og Eiliv-Tore Howlid, 33 namn på blokka. Dei ser for seg ein stall som tel 25 namn. Då tek ein utgangspunkt i at nokre reiser bort til sommaren. Elles går det mot at to av nøkkelspelarane frå suksess-sesongen i 2006, gjer comeback i Hareids-trøya; Ronny Jørgensen (tilbake frå skade) og Tore Ytre-Hauge ( heime igjen etter eitt år i Australia). Dette gleder Skotheim seg over.

Taus om målsetjing

Under møtet talte også den påtroppande styreleiaren i Hareid IL Fotball, Einar Orten Trovåg. Han presenterte det nye styret som m.a består av Jan Endre Rise, Ronald Øvrelid ( ny leiar i yngres), Kurt Johnny Brandal og Mika Saarinen. I fjor var fungerande styreformann, Ole Frank Bakken, på offensiven og sa klart i frå om at styret gjekk for opprykk. Trovåg derimot, vil ikkje seie noko om styret si målsetjing før han ser kva stall Hareid har. - Men uansett vil det vere naturleg å satse på at vi skal kjempe i toppen, kommenterte han, som dermed seier seg einig med trenarteamet.