Kampen opna perfekt for Hødd. To kjappe mål av Robin Hjelmeseth gjorde leiinga komfortabel. Det første kom då han snappa opp ein ball frå Langevåg-forsvaret, for så å sette ballen kontant i mål. Den andre skåringa var av det meir heldige slaget. Etter å ha dribla av eit par mann ute på sida, slo han ballen hardt inn i feltet - og plutseleg låg kula i mål! Ungfolen viste altså tydeleg prov på målteft. I andre omgang fekk vi sjå eit meir kynisk Hødd-lag, noko som resulterte i at det meir spelande Langevåg-laget kom til fleire sjansar. Rett før slutt fekk dei hol på byllen. Og då bortelaget hadde redusert vart det igjen spenning i kampen. I kampens siste speleminutt fekk Langevåg nok ein gong ballen i mål - til stor jubel for bortebenken. Men målet blei annullert for offside. Dermed enda kampen 2-1, og Hødd gjekk vidare. Trenar Bjørge Worren var særs fornøgd med resultatet: - Det viktigaste er at vi går vidare. Dette er NM, og her skal vi kome lengst mogleg. Sjølv framheva han forsvarsfiraren, med midtstopparduoen Pål Hofseth og Henrik André Skeide i spissen.

Robin Hjelmeseth sine to mål sikra Hødd G16-avansement i NM-cupen.