Det sa NRK-ekspert og OL-vinnar frå 1996 Vebjørn Rodal etter at Karsten Warhom tok ny personleg rekord på 200-meter under Bislett Games i ettermiddag. Tida 21.34 (-1.9 i motvind) gav andreplass i heatet. Det var også personleg rekord på distansen. Den gamle var på 21.53.

- Eg får til ein del ting i alle fall, repliserte Dimna-løparen under NRK si direktesending.

Warholm sa vidare at han var spesielt spent på dette løpet sidan han sprang 400-meter i Florø laurdag.

- Derfor er er eg ganske nøgd, seier Karsten Warholm (18).

Klarte VM-kravet

Ifølgje friidrettsforbundet sin twitter-profil har han klart junior-VM-kravet på 200-meter. Warholm er allereie kvalifisert til tikampen i meisterskapen, som går i USA i juli.

Friidrettsforbundet sin facebookprofil skriv at Karsten Warholm vurderer å delta i eit stemne i Estland neste helg. Øvingane blir då i tilfelle 400-meter og lengde.

Også Grimstad persa

Renate Grimstad og Marthe Mjøen Berg deltok i 100-meter hekk. Grimstad fekk tida 13.94, noko som gav tredjeplass i løpet og ny personleg rekord. Den gamle var på 14.13.

Marthe Mjøen Berg enda på sjetteplass med tida 14.42.