Vegard Bruland sende heimelaget i leiinga etter 14 minutt. Konstantins Budilovs dobla leiinga åtte minutt før pause. Midt i 2. omgang reduserte Benjamin Mork Kleppe for Hødd. Men fleire mål vart det ikkje. Spjelkavik gjekk dermed forbi Hødd II på tabellen.

Ifølgje smp.no nytta Hødd dette laget: Ole Monrad Alme - Torvald Ringstad, Audun Øvrelid, Mathias H. Grimstad, Ruben-Kenneth Brandal, Martin Mork Breivik (Sondre Beite 76), Pål H. Skeide (Bendik Rise 47), Henrik Grimstad, Robin Hjelmeseth, Franjo Tepuric, Benjamin Mork Kleppe.

Meir frå kampen i torsdagsnummeret.