I helga deltok Karsten Warholm i NM i mangekamp for å prøve seg på kvalifiseringskravet for deltaking i VM. Etter åtte øvingar på Bislett Stadion var det klart at Karsten i juli skal til Donetsk i Ukraina og delta i VM U18.

Kvalifiseringskravet for VM er 5.750 poeng. Etter ei flott serien med mange gode resultat enda han opp med poengsummen 5.947 poeng. Med den poengsummen er han i toppen på verdsstatistikken.  Ikkje berre klarte han kravet i mangekamp, han tok også kravet på 110 meter hekk der han fekk tida 14,17 sek. Dette var den beste enkeltøvinga til Karsten denne helga. Han viste også god form på 100 m der han for første gang kom under 11 sekund då han blei klokka inn på 10,98 sek.

Sjølv om han klarte kvalifiseringskravet med god margin, gjekk ikkje alt Karsten sin veg. I favorittøvinga lengde fekk han det ikkje til. Her starta han konkurransen med to døde hopp. I mangekamp er det berre tre forsøk. Han måtte dermed ta eit sikringshopp i siste omgang for å unngå å stå utan poeng i lengde. Her satsa han bak planken og fekk eit hopp på 6,79 m. Her har han ein personleg rekord på 7,32 m frå i fjor.

Første dag fekk han 3031 poeng etter å ha sprunge 100 m på 10,98 sek, lengde 6,79 m, kule 11,73 m og 400 m på 50,05 sek. Han låg dermed godt an til kravet halvegs i mangekampen.

Dag 2 starta med det sterke resultatet på 110 m hekk som gav heile 953 poeng. Deretter hoppa han 1,96 m i høgde. Spyd var den 7. øvinga. Det er ei øving han har trent lite på til no. Men her fekk han det også bra til og kasta 44,66 m.  Den siste 1000 m vart då nærmast ein formalitet i forhold til kvalifiseringskravet. Men han løp også denne godt og fekk tida 2.57,93.

Karsten kan dermed starte førebuingane til VM som vert arrrangert 10.-14. juli.  Han hadde ikkje full klaff i alle øvingane denne helga. Så med gode førebuingar den neste månaden vil han kunne vere med å kjempe om medaljar i VM.