Hødd fekk 1. omgangen tidleg i sitt spor og stod også for dei største sjansane før kvilen, men etter 5 minutt hadde Bodø/Glimts Magnus Sylling Olsen ei farleg heading som gjekk 1 meter over målet til Ørjan Nyland.
Rett etterpå fekk Pål André Helland avslutta frå god posisjon på Pawel Londak, men den rutinerte keeperen redda avslutninga som gjekk mot motsett hjørne. Ballen gjekk etterkvart ut igjen til Helland som slo inn til Sivert Nilsen, som ikkje fekk foten på ballen foran mål.
Neste store sjanse var det også Nilsen som stod for, då han fekk ballen på gullfat frå Helland på 16 meter. Avslutninga var dessverre svært svak.
Eit minutt seinare, i det 27. speleminutt kom Kjell Rune Sellin seg åleine med Londak. Han avslutta utanfor frå litt skrått hald.
Bodø/Glimt vart litt farlegare mot slutten av omgangen, men det står 0-0 til pause på Aspmyra stadion.
I dei andre kampane som spelar ei rolle for Hødd, ligg Tromsdalen under med 1-3 mot Alta, Strømmen har teke leiinga 1-0 mot Ranheim, medan Ull/Kisa leiar 1-0 over Bryne. Hødd ligg med dette på ein trygg 11. plass på tabellen, medan Bryne ligg under streken.
Heildramatisk avslutning
Andre omgangen vart etterkvart ulideleg spennande for alle som held med Hødd. Hødd gav frå seg initiativet dei hadde i 1. omgang og etter 62 minutt drog Daniel Berntsen seg fri utanfor 16-meteren og skaut Bodø/Glimt i leiinga.
Nokre minutt seinare tok Vini Dantas ned ein chipp og banka inn 2-0 frå kort hald. No starta dei andre resultata også å gå i mot Hødd.
I det 81. minutt kriga Vini Dantas inn sitt andre for dagen, før ungguten Ulrik Berglann skåra 4-0 frå 18 meter i det 90. minutt.
Då kampen var over hadde Bryne vunne mot Ull/Kisa, Strømmen vunne mot Ranheim, medan Tromsdalen flytta opp alt dei hadde dei siste to minutta mot Alta. Tromsdalen klarte heldigvis ikkje å få inn det siste målet dei trengte og som hadde sendt Hødd ned i 2. divisjon neste år.
Hødd stilte følgjande lag mot Bodø/Glimt (4-2-1-3): Ørjan Nyland - Akeem Latifu, Fredrik Klock, Steffen Moltu, Victor Grodås - Sivert Heltne Nilsen, Fredrik Aursnes - Erik Sandal - Pål André Helland, Kjell Rune Sellin, Vegard Heltne.
Benk: Thomas Lid Kleppe, Espen Standal, Andreas Rekdal, Eirik Heltne, Ole Monrad Alme.