- Eg meiner sjansane er gode. Det baserer eg på at Tromsø si formkurve har gått nedover, medan Hødd si har gått oppover. Det trass i at Hødd så vidt heldt seg i Adeccoligaen. Eg trur Hødd vinn 2-1. Helland scorar det eine, ja kanskje begge. Nei, det andre scorar Sandal, trur Ulstein-ordførar Jan Berset, som både er i Oslo som supporter og som representant for Ulstein kommune.
2-1-siger til Hødd tippar både Magnus Holstad (tidlegare Hødd-spelar) og Kari Andersen (Kaffikari).
- Det blir ein knapp 2-1-siger. Aursnes scorar det siste målet. Klock det første, tippar Holstad.
- 2-1. Aursnes og Helland scorar, trur Andersen, som lovar å brøle høgt på tribunen søndag.
Thomas Sporsheim, programleiar i Hødd-TV, har ei god kjensle før søndagens finale, men trur ikkje det blir 2-1.
- Eg har ei styggod kjensle på at Hødd vinn. Mange har tippa 2-1, så eg seier 3-1. Helland, Sandal og Helland scorar, meiner Sporsheim, som skal heie på Hødd frå pressetribunen.
På Karl Johan møtte vi eit femkløver av innbarka Hødd-supporterar.
- Eg trur vi vinn, eg har det på feelingen. Det blir 2-1, tippar Guttorm Remøy Vartdal.
- Eg drøymde i natt at vi vann 4-0, og er sanndrøymt. Før Brann var eg sikker på siger. Eg drøymte at vi fekk eit tidleg mål av Sellin. Etter ti minutt scora Sandal på frispark. Så hugsar eg ikkje meir, fortel Gunnar Myklebust.
- Helland og Standal scorar dei to siste, fullfører Jan Ove Sørensen.
- Eg trur det blir 3-1. Vi har fordel av naturgras og heimebane. Nyland, Helland og Sellin scorar, tippar Andreas Halle.
- Eg burde ha ringt Atle Hopland, sidan han tippa rett resultat i semifinalen. Eg tør ikkje tippe resultat, men Hødd spelar på 100 prosent og Tromsø 80 prosent, så vi vinn med eitt mål, varslar Kåre Henning Gardshol.