Hødd 2 opna sin sesong heime på nye Høddvoll tysdag, då dei tok i mot eit av laga som mange ventar å sjå i toppen av 3.-divisjonsavdelinga.
I den første omgangen var det ikkje mykje som skilte laga, og medan Kenneth Diallo viste at han kan vere vanskeleg å ha kontroll på, så var det heimelaget og Sondre Beite som kom til den første store målsjansen. Beite tok med seg ballen langs dørlinja og sette avslutninga i stolpen frå svært spiss vinkel.
Flott scoring
Etter 41 minutt var det også heimelaget som tok leiinga. Isak Haanes blei spelt flott gjennom og med ein Herd-forsvarar i kroppen sendte han ballen med utsida av foten inn i det lengste hjørnet. 1-0 til Hødd 2 til pause.
I den andre omgangen kom Herd klart best i gang. Preben Alexander Sætre var svært nære ved å utlikne, men ballen gjekk via tverrliggjaren og ut. I staden var det Kenneth Diallo som fekk bruke farta og styrken sin til å score to gongar i løpet av seks minutt. Den einaste perioden der Hødd-forsvaret ikkje hang skikkeleg med i kampen.
Deretter løfta Hødd 2-laget, med ein kombinasjon av etablerte og meir uerfarne spelarar seg. Etter 73 minutt blei Isak Haanes nok ein gong spelt fint fram, men denne gongen vart han takla før det vart tid til avslutning. Straffe til Hødd, og den sette Benjamin Mork Kleppe sikkert i mål.
Rekdal-retur
Dermed blei det eitt poeng til kvart av laga, og sjølv om det var greitt nok, så var ikkje Herd sin spelande assistenttrenar Andreas Rekdal spesielt nøgd etter kampen.
- Dette er ein kamp vi skal vinne, så enkelt er det, slår Rekdal fast.
Sjølv fekk han berre dei ti siste minutta og den tidlegare Hødd-spelaren fortel at han har slitt ein del med skader den siste tida.
- Vi skal kjempe i toppen, vi har som målsetjing å vere med der oppe og vi skal utvikle spelarar, fortel Rekdal.
På motsett banehalvdel stod Bendik Torset, som spelte 90 minutt for første gong denne sesongen.
- Eg og Andreas har både trent og spelt i lag veldig lenge, men eg trur det er første gongen vi spelar mot kvarandre, fortel Torset.
- Det vart ikkje så mykje duellar mellom oss heller, men det er kjekt å spele mot kameratar, seier Torset.
Han meiner det var viktig å få ein heil kamp med fotball, og han merkar at det ikkje har blitt så mykje speletid sidan avslutninga av 2014-sesongen.
- Eg er ikkje heilt nøgd med eigen prestasjon i dag. Vi blir litt prega av vinden også, og det er litt vanskeleg å vite heilt korleis ballen oppfører seg.
Trenar Kenneth Moldskred fortel at laget har perioder med godt spel både offensivt og defensivt, samt nokre der det stemmer både offensivt og defensivt på same tid.
- Det er også ei stund der det glepp litt, spesielt første ti minutta etter pause. Det ønskjer vi å rette på og det trur eg vi skal få til. Det viser litt haldningar og karakter at vi klarar å ta over igjen mot ein såpass kvalifisert motstander som det Herd er, meiner Moldskred.
Kampfakta:
Hødd 2 - Herd
Nye Høddvoll
Tilskodarar: ca 50
Dommar: Bjørn Magne Bakkom, Åmdal IL
Gule kort: Vegard Bruland, Herd.
Mål: 1-0 Isak Haanes (41), 1-1 Kenneth Diallo (53), 1-2 Diallo (59), 2-2 Benjamin Mork Kleppe (73)
Hødd 2: Ole-Monrad Alme, Martin Mork Breivik, Audun Øvrelid (Aleksander Rekdal 68), Mathias Grimstad, Ruben-Kenneth Brandal (Vegard Heltne 61) - Bendik Rise, Bendik Torset, Erik Sandal, Isak Haanes (Sveinung Tilseth Sæterås 89), Sondre Beite - Benjamin Mork Kleppe.
*** Isak Haanes
** Erik Sandal
* Mathias Grimstad