Karsten Warholm vart nummer to under lengdekonkurransen i lengde i dag. Hans beste hopp var på 7.29 meter.

Persen til 18-åringen i denne øvinga er på 7.47.

Det var Amund Sjursen som vann lengdekonkurransen med eit lengstehopp på 7.58.

Fire av hoppa til Warholm vart ikkje godkjende. Men Dimna IL-utøvaren har igjen lagt bak seg ei god friidrettshelg. Han sette mellom anna ny personleg rekord i stav (4.20 meter).

Vi kan elles melde dette frå Tyrvingleikane søndag:

Renate Grimstad løp ein sterk 100-meter i kvinneklassen og tok seg til finalen med ny personleg rekord på 12.35 sekund. 17-åringane Tobias Skavnes Våge og Nicolas Roppen Masters tok seg også til finalen. Nicolas sette pers på 11.56 sekund, medan Tobias var uhelding og vart diskvalifisert for tjuvstart. Elles var det 400-meter på programmet på slutten av dagen. Joakim Sundgot Gustavsen (17) og Nicolas Roppen Masters var dei som gjorde det best. Joakim blei nummer fire med 52.83 sekund, medan Nicolas Roppen Masters blei nummer fem i sin første 400-meyer med den gode tida 53.79 sekund. 19 år gamle Hallbjørn Hasund Thorseth løp inn på 53.11 sekund. I herreklassen fekk Ådne Andersen (Hareid IL) 51.42, medan Marthe Mjøen Berg løp inn til sjuandeplass i dameklassen med 58.32 sek.

Tyrvingleikane laurdag.

Tyrvingleikane fredag.

Tyrvingleikane torsdag.