1. omgang:

I sterk kontrast til sist heimekamp mot Kristiansund BK var Hødd gode og konsentrerte frå start av. Ull/Kisa låg lågt i bana utan den store viljen til å angripe, medan Hødd klarte å spele ut motstandarane sjølv mot etablert forsvar.

Etter tre minutt kom dagens første Hødd-moglegheit då Espen Standal brassesparka ballen eit par meter til side for mål. Standal fekk ikkje mykje kraft bak ballen. Likevel var det ein OK sjanse. To minutt seinare runda Robin Shroot keeper, men nordiren kom for langt ut venstre før han fekk avslutta.

I det sjuande minuttet tok Hødd leiinga. Eirik Ulland Andersen gjekk sjøl innover heilt frå midtbana før han avslutta frå knappe 30 meter. Skotet gjekk via ein Ull/Kisa-spelar og i næraste hjørne. Hødd kontrollerte kampen det neste kvareret. Så fekk Ull/Kisa eit par dødballar. Eter eit hjørnespark fekk Lars Ivar Slemdal stå åleine, men han sleiva ballen over mål frå godt hald.

Like etter redda Ull/Kisa-keeper Alexander Vangen eit forsøk frå Eirik Ulland Andersen utan altfor store problem. Og i det 28. minutt fekk Espen Standal ei kjempepasning frå Victor Grodås i bakrommet. Standal runda keeper, men kom for langt ned mot dødlinja før han fekk avslutta.

2-0 skulle uansett kome før pause. Fredrik Aursnes krangla med seg ballen oppover i bana før han slo ut venstre til Eirik Ulland Andersen. Sistnemnde si avslutning vart redda, men Robin Shroot sette returen enkelt i mål. Då vart det spelt 40 minutt.

Og Hødd la like greitt på til 3-0 tre minutt seinare. Eirik Ulland Andersen var regissør ute på venstresida. Han fann Espen Standal, som etter ei smart finte spelte ballen vidare til Robin Shroot. Den hengande spissen vende vekk ein forsvarsspelar før han igjen scora frå kort hald.

Ull/Kisa hadde eit tverrleggjatreff få sekund før pause, men 3-0 halvvegs gav eit greitt bilete av dei første 46 minutta - sjølv om Hødd var relativt effektive.

2. omgang:

Denne omgangen var etter kvart ganske så uinteressant. Hødd ville ha straffe etter 51 minutt då Ole Amund Sveen datt i bakken, men det hadde kanskje vore litt vel snilt å peike på 11-metersmerket. Uansett gjekk Hødd opp i 4-0 to minutt seinare. Ballen gjekk via ein Ull/Kisa-spelar og til Robin Shroot, som vende mot venstre og sette ballen enkelt i mål for tredje gong denne kalde søndagskvelden.

Ull/Kisa var nesten skremmande svake. Og på 4-0 var kaqmpen køyrt og vel så det.

Hødd heldt fram med å skape sjansar. Eirik Ulland Andersen trefte nettveggen etter 70 minutt. To minutt etter var innbytar Franjo Tepuric farleg frampå utan suksess.

Ein annan innbytar, Robin Hjelmeseth, kunne og burde ha scora åleine med keeper etter 80 minutt, men trefte til side for mål. I minutta som følgde kunne både Tepuric, Jesper Törnqvist og Victor Grodås (tverrleggjaren) ha sett inn 5-0.

Men det stoppa på 4-0 i Hødds første heimesiger sidan april.

Kampfakta1.-divisjon runde 15Hødd – Ullensaker/Kisa 4-0 (3-0)HøddvollTilskodarar: 1382 selde billettar og sesongkortMål: 1-0 Andersen (7), 2-0 Shroot (40), 3-0 Shroot (43), 4-0 Shroot (53)Dommar: Jan Morten Tennøy, Nore Neset ILGule kort: IngenHødd (4-4-1-1): Aslak Falch – Andreas Rekdal, Jesper Törnqvist (K), Steffen Moltu, Victor Grodås – Ole Amund Sveen, Bendik Torset, Fredrik Aursnes, Eirik Ulland Andersen (Henrik Grimstad 76) – Robin Shroot (Robin Shroot 76) – Espen Standal (Franjo Tepuric 67).

LIVE: