Med eit semifinaleløp som overgjekk alle forventningar sprang Karsten Warholm seg torsdag inn i medaljediskusjonen på 400 meter hekk under EM i Amsterdam. At han kom i mål på 48,84, norsk rekord og klart under OL-kravet gjer det ikkje mindre imponerande.

Les også: OL-klar med supertid

Warholm gjekk frå å på førehand snakke om at finaleplass var mogleg med fullklaff, til å plutseleg vere den nest raskaste mannen i Europa på denne distansen i år. Det er imponerande av ein som deltek i sitt første internasjonale seniormeisterskap.

Men Warholm har fått for vane å imponere. Som då han tok U18 VM-gull i åttekamp og to sølvmedaljer i U23-EM.

No spørs det om stortalentet har klart å nullstille godt nok og restituert seg tilstrekkeleg før hans så langt største utfordring. Restitusjonen bør ikkje vere noko stort problem.

- Han er van med å ha kort tid mellom konkurransene frå mangekamp, forklarer trenar Arve Hatløy.

Og for ein som ser ut til å trivst godt i rampelyset, er det ikkje utenkelig at Warholm brukar merksemda rundt seg til noko positivt.

Finalen på 400 meter hekk går 19.40 fredag kveld og blir sendt direkte på NRK1. Vi kjem også til å følgje løpet og oppdatere med resultat og reaksjonar så snart løpet er over.

Berre ein har vore raskare i år

Som nemnt er det berre ein av finalistane, Yasmani Copello Escobar frå Tyrkia, som har betre tid på distansen enn Warholm i år. Han vann det første semifinaleheatet suverent med tida 48,42 og er dermed storfavoritt før finalen. Escobar spring i bane seks, medan Warholm har bane fire.

Av dei andre deltakarane i finalen er det to andre løparar, britiske Jack Green og Kariem Hussein frå Sveits, som har betre personlege rekordar enn Warholm. Britiske Rhys Williams har same personlege rekord som Warholm. Både Hussein og Green leverte årsbeste då dei tok seg vidare frå semifinale, men begge var bak Warholm på tid. Hussein var nærast med 48,87 som vinnar av det tredje heatet.

Med sin imponerande innsats i semifinaleheatet sprang Warholm seg inn i medaljekampen, men han må uansett levere eit nytt superløp om han skal vere med i kampen om medalje. Samstundes er EM allereie ein knallsuksess for Dimna-utøraren, med finaleplass, OL-billett og norsk rekord.

Men er det endå meir i vente?