Karsten Warholm tok suverent leiinga under 400 meteren under NM i friidrett på Askøy laurdag ettermiddag. Han vart klokka inn manuelt på 45.8, noko som er ny norgesrekord. Kluss med tidtakinga gjer at rekorden diverre ikkje er gylding. Quincy Douglas sin rekord frå 1999 på 46.11 vert dermed ståande.

Yeimer Lopez Garcia frå Norna-Salhus IL tok andreplassen, men utan at det vart registrert noko tid på han i det heile, og Mauritz Kåshagen frå Moelven IL vart klokka inn på 47,25.

Karsten sin lagkamerat, Toralv Opsal, kom inn på sjetteplass, med tida 54,52