Voldingen jobbar no saman med resten av landslaget framføre kampen mot Ungarn søndag, for å revansjere det sure tapet heime på Ullevaal. Som så mange andre er også landslaget og tidlegare Hødd-keeper Nyland prega av det som skjedde fredag kveld og natt til laurdag i Paris.

- Det er frykteleg triste nyhende. Det pregar oss også, og viser at terroraksjonar kan skje når og kvar som helst. Diverre trefte det såpass mange i går. Det set ting i perspektiv. Fotballen blir uvesentleg når slike ting skjer, seier Nyland til Sunnmørsposten.

Ikkje redd

Fleire bomber gjekk av i nærleiken av nasjonalarenaen til Frankrike, Stade de France. Terroristane hadde heilt tydeleg stadionen som eit mål, men blei hindra før dei kom seg inn. Neste år skal EM spelast i Frankrike, og Norge har framleis ein sjanse til å kvalifisere seg til sluttspelet. Ørjan Håskjold Nyland fortel at han ikkje blir redd når det no har vore terrorangrep like ved ein av arenaene under neste års EM.

- Nei, eigentleg ikkje, fordi eg veit at tryggleiken er skjerpa og beredt. Det har den eigentleg alltid vore uavhengig av slike hendingar, men det blir vel litt ekstra fokus på det no, seier Håskjold Nyland.

Ungarske myndigheiter har no auka fokuset på tryggingstiltak før søndagens oppgjer mellom Ungarn og Norge.