* Damene tek imot Verdal. Nordtrønderane ligg tredje sist med sju poeng. Frå tredje- til tiandeplass er denne divisjonen svært jamn. Hødd er nummer tre med 12 poeng. Dei tapte sist, men hadde før det fire strake sigrar. Hødd blir nok knappe favorittar mot Verdal.

* Hødd 2 får besøk av Årdal. Sogningane har skuffa og står berre med seks poeng så langt. Hødd 2 har hatt fin flyt den siste tida (seinast med storsiger borte mot Bergsøy) og ligg på femteplass med 14 poeng. Derfor er nok Hødd favorittar denne gongen.

Tabellen.