Av lokale deltakarar er desse uttekne:

Jenter 14 år:

* Stine Marø Sundgot, Dimna IL (Lengde og 200-meter laurdag, 60-meter, høgde og tresteg søndag).

* Synne Stokkevåg Berg, Dimna IL (600-meter, lengde og kappgang laurdag, 200-meter hekk og tresteg søndag).

Gutar 14 år:

* Simon Grimstad, Hareid IL (200-meter, 80-meter hekk og stav laurdag, 200-meter hekk og spyd søndag).

Jenter 13 år:

* Madelen Gustavsen, Dimna IL (600-meter og 60-meter hekk laurdag, 1500-meter og 200-meter hekk søndag).

* Johanne Rise Kvalen, Dimna IL (Lengde og kappgang laurdag, høgde, 60-meter og tresteg søndag).

Gutar 13 år:

* Ivar Saunes Moldskred, Dimna IL (60-meter hekk, diskos og lengde laurdag, spyd og høgde søndag).

- I Stjørdal skal utøvarane frå Møre og Romsdal møte deltakarar frå Sør-Trøndelag, Nord-Trøndelag, Nordland, Troms og Finnmark til kamp. Før leikane møtest laget til fleire samlingar for å trene på tradisjonelle og utradisjonelle øvingar og for å bli godt kjende, skriv friidrettskrinsen i ei pressemelding.