Under våte speleforhold på Høddvoll viste Hødd 2 seg som eit klart betre lag enn Stranda. Vi kan setje eit stort pluss ved det heimelaget viste dei første 60 minutta. Då flaut spelet flott framover og Stranda hadde ingenting å kome med. Nils-Erik Engen sette inn 1-0 etter 15 minutt etter eit skot frå høgre. Robin Hjelmeseth sette inn 2-0 frå den andre sida fem minutt før kvilen. 3-0 kom etter 60 minutt då ein uegoistisk Andreas Rekdal fann Robin Hjelmeseth - som scora frå kort hald. Den siste halvtimen var noko meir ujamn frå Hødd si side. Dei skapte framleis sjansar innimellom, mellom anna ved målscorarane Engen og Hjelmeseth. Men Stranda fekk meir spelerom og reduserte etter 72 (Kasper Koppang) og 89 minutt (Andreas Kvam). Uansett. Det var Stranda sine to einaste sjansar, så poengdeling ville ha vore urettvist.

Hødd vann fullt fortent 3-2, og innkasserte dermed sin tredje siger i årets 3.-divisjon.

- Vi etablerte meir spel og hadde meir "trøkk" framover enn vi har hatt i tidlegare kampar. Vi har då vore baktunge og slått ein del langt. Det gjorde vi ikkje i dag. Eg synest dette var årsbeste av oss. Klart det var sløvt og slapt å sleppe inn to mål på slutten der, men vi fokuserer ikkje på det etter ein del dårlege opplevingar den siste tida, seier tomålsscorar Robin Hjelmeseth til Vikebladet Vestposten.

- Du kunne ha scora fleire enn to også?

- Eg kunne ha scora seks, smiler Hødd-spissen.

Kampfakta3.-divisjon avdeling 9 runde 7Hødd 2.-lag - Stranda 3-2 (2-0)Høddvoll kunstgrasTilskodarar: 20 + 15 i bilaneMål: 1-0 Engen (15), 2-0 Hjelmeseth (40), 3-0 Hjelmeseth (60), 3-1 Koppang (32), 3-2 Kvam (89)Dommar: Even Myrheim, Emblem - 6Gule kort: Gjengår (Hødd) + 1 til StrandaHødd (4-3-3): Jan Lennart Urke - Henrik Gjengår, Tobias Nygård Vibe (Torvald Ringstad 46), Mathias Grimstad (Pål H. Skeide 44), Alexander Eksund - Henrik Grimstad (Eirik S. Kristiansen 87), Eirik Heltne - Markus Hjorthaug, Robin Hjelmeseth, Nils-Erik Engen

Stjerner i torsdagsnummeret av VV.

Andre resultat i dag:

* AaFK II - Spjelkavik 4-1

* Bergsøy - KBK II 4-2

Tabell

Robin Hjelmseth set her inn 2-0 til Hødd.