- Vi låg høgt i 2011 også, men cupfinalen i 2012 og spel i Europacupen var sjølvsagt positivt for oss. Men det viser seg at interessa for Hødd held fram med å vere stor også etter dette. I dag er vi den mest omtalte klubben i Adeccoligaen i media. Vi er tredje mest omtala i papiravisene og klart mest omtala i nettavisene.
Rønnestad veit ikkje heilt kvifor det er slik, men prøver seg likevel på eit par forklaringar: - Vi har truleg ei bra lokalpresse rundt oss - og så trur eg at vi blir ekstra interessante fordi vi er så lokale. At vi har gjort det godt, tel sjølvsagt også med.
Hødd kan også vise til høge tal på si eiga nettside - og har i dag 5000 facebook-venner og 1500 som følgjer dei på twitter.
Tal frå Toppfotballens Samfunnsregnskap viser at Hødd i fjor faktisk hadde meir omtale i media enn halvparten av Tippeligalaga.
- Det gjer oss sjølvsagt til eit kjempegodt sponsorobjekt, seier Rønnestad.