Meteorologisk Institutt sin vêrstasjon i Fiskåbygd har tl dømes målt berre 56 prosent av normal nedbør. Det er eit stort avvik med tanke på ein så lang periode. Vanylvingane har hatt 363,7 mm nedbør mot normalt 654,0.

På Vigra har det hittil vore 67 prosent av normal nedbør (273,5 mm mot normalt 410,0 mm).

Berre mars kaldare enn normalt

Mange har opplevt vinteren og tidleg vår som ekstra kald, men det er berre mars månad til no i 2018 som har vore kaldare enn normalt.

Middeltemperaturen i Fiskåbygd i mars var 2,2 grader under det normale, medan Vigra var 1,8 under normalen.

Dei andre fire månadene hittil har vore varmare enn normalt. For Vigra sin del kom januar ut 1,2 grader over normalen, februar 0,5 grader over, april 1,1 grader over – og hittil ligg mai 2,6 grader over normalt. Nordavind og havluft har kjølt ned kystbygdene, medan Ørsta/Volda lufthamn, som ligg litt inne i landet per 29. mai låg 3,7 grader over mai-normalen, går det fram av Meteorologisk Institutt sine nettsider.

Tørt i fjellet: Lange periodar utan nedbør gjer at det no er uvanleg tørt også i fjellet. Her Roppehornet med utsikt mot øyriket i sør. Foto: Leiv Arne Grimstad