Kraftig lågtrykk på veg:

Klart for "hauststorm" - i juni!

Eit kraftig lågtrykk er på veg mot Norge og vil treffe kysten torsdag. Meteorologane åtvarar mot sterke kastevindar.

Som ein ser på denne prognosen er det venta skikkeleg ruskevêr torsdag.  Foto: Meteorologisk Institutt.

Været

Meteorologisk Institutt melder på sine sider om eit lågtrykk på veg mot Norge. Det er snakk om vind på såkalla oransje nivå, som vil treffe store delar av Vestlandet og Trøndelag frå og med torsdag morgon. Meteorologane beskriv det som eit kraftig lågtrykk for årstida.

Det er venta at eit lågtrykk i Nord-Atlanteren onsdag vil gå austover og utvikle seg til eit stormsenter. Rundt midnatt natt til torsdag vil lågtrykket ligge nordvest for Irland, og litt seinare på natta vil det ifølgje meteorologane bevege seg mot Norskehavet og auke i styrke.

Vêret vil gje kraftig vind og vindkast på Vestlandet, i fjellet i Sør-Norge og sør i Trøndelag.

På Mørekysten og ved Stad blir vinden kraftigast torsdag kveld og natt til fredag, med kastevindar ved Stad på opp i mot 35 m/sek, eller kraftig storm. 

Natt til fredag vil lågtrykket bevege seg nordover og gi kraftig vind på kysten av Trøndelag og Nordland.

Været