Det blir ein liten pause måndag. Deretter er det varsla nye lågtrykk inn over Vestlandet og Møre og Romsdal med byer og vind.

Den første runden med lågtrykk som gir nedbør og nærmast hauststorm med vind på mellom 25 til 35 meter i sekund, er venta å løye fredag formiddag.

Farevarselet var på oransje nivå frå Hordaland til Trøndelag sør for Trondheimsfjorden.

– Deretter blir det litt opphald, men med enkelte regnbyer fredag, laurdag og søndag. I indre strøk blir det ganske fint og det er gode temperaturar, seier Ragnhild Nordhagen, statsmeteorolog i Meteorologisk institutt.

Meteorologen varslar eit ordentleg opphald tidleg måndag og så kjem det et nytt lågtrykk utpå dagen som gir nedbør og aukande vind. Dette vêret trekker nordover og når Nord-Noreg måndag kveld og tysdagen.

20 grader

Temperaturane vil liggje på rundt 12 til 17 grader på Vestlandet dei neste dagane. Lokalt kan det bli varmare, på stader det ikkje kjem særleg nedbør.

– Søndag kan bli ein dag der det bikkar 20 nokre stader i indre strøk på Vestlandet. Men dei fleste har vel vore godt vane med temperaturane no. Måndag blir det dalande temperaturar igjen ut mot ettermiddagen og i starten av neste veke, seier Nordhagen.

Pregar landet

Lågtrykka frå Vestlandet var venta å ville prege heile landet både før og etter helga.

Rundt Oslofjorden var det sendt ut farevarsel. Vind i opptil 20 til 25 meter per sekund, er uvanleg for området.

– Styrken i vinden er meir som ein hauststorm. Dei mange som har sett ut hagemøblar og trampolinar må vere obs på at vinden kan ta tak. Ein bør feste lause gjenstandar, var beskjeden til austlendingane.