(NPK-NTB): Fleire stader austafjells vil det vere mellom 25 og 30 varmegrader dei kommande dagane. Enkelte stader vil også få endå varmare vêr, opplyser vakthavande meteorolog Rafael Escobar Løvdahl til NTB.

– Alt i alt vil det vere ordentleg sommarvêr i desse områda, seier Løvdahl, som legg til at det fine sommarvêret vil få eit lite avbrot i helga.

– Då kan det bli litt vind og nedbør, med noko lågare temperaturar.

Vestlandet sør for Stad vil dei neste dagane få eit høgtrykk frå Dei britiske øyar. Vêret vil variere avhengig av vindretning. Stort sett vil det her vere pent vêr og temperaturar rundt 25 grader. Mot slutten av veka er det likevel varsla nedbør.

– Det er forbigåande og vil bli eit lite avbrot frå penvêret, seier meteorologen.

Også i Midt-Norge kan pent vêr, sol og stigande temperaturar bli erstatta av nedbør og skydekke når helga nærmar seg.

Nord-Norge har ikkje sett mykje til sommarvêret i år, og heller ikkje denne veka ser det ut til å forandre seg. Både i Nordland og Troms er det venta vind, nedbør og temperaturar rundt 5 til 10 grader.

– I Nord-Norge vil det likevel vere best vêr i Aust-Finnmark og på Finnmarksvidda. Der er det venta lågtrykk og temperaturar som kan komme heilt opp til 20 grader, seier Løvdahl.