Onsdag ettermiddag ventar meteorologane kraftige regnbyger i Møre og Romsdal. Dei fortel på yr.no at det er fare for lokalt kraftige tordenbyger med nedbørsmengder på opptil 15 millimeter i løpet av ein time. Det er difor sendt ut obs-varsel. Der vert det mellom anna gjort merksam på at det kraftige regnet kan føre til overvatn i tettbygde område og lokal flaum. Det kraftigaste tordenvêret er venta i dei indre stroka av fylket.