Det har vore nokre fantatiske sommardagar på Sunnmøre den siste tida. Fredag var det over 30 grader fleire stadar og varmen heldt fram laurdag. Frå søndag av må ein nok likevel rekne med at temperaturane vil falle ein del, og utøver i den komande veka kan dei bli halverte samanlikna med fredag.

På langtidsvarselet for Hareidlandet ventar ein nemleg temperaturar på dagtid frå 14 til 21 grader i langtidsperioden, med kjøligare vêr mot slutten av perioden. Dermed ser det ut til å gå mot slutten for "sydenvêret" vi har hatt i det siste.

Samstundes ser det ikkje ut til at det skal bli særleg med nedbør på Hareidlandet i tida som kjem. Søndag føremiddag er det venta litt regn og tysdag vil det truleg også kome nedbør, men elles ventar meteorologane at det skal bli mykje opphaldsvêr på våre kantar.

Mange frå vårt område har no funne vegen til Oslo og årets Norway Cup. Der ser det ut til at temperaturane stort sett vil halde seg i overkant av 20 grader, og at det vil vere mykje godt vêr i løpet av Norway Cup-veka. Likevel er det sendt ut Obs-varsel om tidvis kraftige regnbyger på Austlandet både laurdag ettermiddag og søndag føremiddag.