(NPK-NTB): – Det er lågtrykksaktivitet, og med det kjem det òg vind og nedbør, seier statsmeteorolog Kristian Gislefoss i Meteorologisk institutt.

Frå sørvest

– Trøysta er at søndagen kanskje ikkje ser så ille ut etter ein våt laurdag, men så kjem det eit nytt lågtrykk søndag kveld, legg han til.

Neste veke og ut august blir det grått på Vestlandet. Det blir periodar med kuling og regnvêr, og temperaturane blir på 14–15 grader.

Ifølgje meteorologen kjem lågtrykka inn frå sørvest. Dei følgjer litt av den same banen som lågtrykket vi har denne veka. Lågtrykka blir danna på grensa mellom kaldluft og varmluft ute i Atlanteren.

Kvitt på toppen

Resten av landet får ein annan vêrtype enn Vestlandet.

Både i nord og sør blir det sol og varme og opp mot 20 grader.

– Det vêret vi har no, er veldig typisk for slutten av august. Vi byrjar å nærme oss hausten, men samtidig har vi dagar der temperaturen blir 20 grader. Eg vil seie det er normalt for tida, seier meteorologen.

I Nord-Noreg kan det komme snø på fjelltoppane alt i helga. Det gjeld fjelltoppane, og ikkje fjellovergangane, understrekar Gislefoss. Så kjem sola tilbake, og store delar av Nord-Noreg får sol frå tysdag og temperaturar opp mot 15 grader.

Sjølv Trøndelag får ein liten smak av sommar måndag, tysdag og onsdag.