Regn, sludd, snø og kjølegare vêr

Blir det kvitt over Hareidlandet den komande veka? Meteorologane melder om kjølegare vêr og truleg også noko snø utover i veka.  

Været

Vêret har variert frå kjølig og tørt til midlt og vått den siste tida. Denne veka var det mellom anna målt over 15 varmegrader fleire stadar i Møre og Romsdal.

No ser det ut til at vi får ei ny endring, mot kjølegare vêr igjen, og på vegen dit kan ein få sesongens første skikkelege snøfall. Ifølgje Meteorologisk institutt er det kalde, polare maritime luftmassar på veg inn over Norge, og dette fører med seg både kulde og truleg også snø.

Den komande veka startar med nokre plussgrader og litt nedbør, som truleg vil kome som regn. Tysdag og onsdag er det likevel venta at temperaturane vil synke noko og eventuell nedbør vil då truleg kome anten som sludd eller snø.

Utover i veka ventar ikkje meteorlogane særleg med nedbør, men det ser i staden ut til at vi får ein periode med kjøleg vêr igjen. Ifølgje langtidsvarselet kan det gå mot ei heil veke med temperaturar rundt eller under 0 grader.