Ruskevêr i vente

Meteorologane melder snøbyger og full storm på måndag
Været

Inngangen til komande veka kan verte av det meir ruskete slaget, melder meteoroligisk institutt via nettstaden yr.no. Søndag vil vinden kome opp i nordvestleg stiv kuling og på utsette stader kan vi få opp i sterk kuling. Seint på kvelden vil vinden auke til opp i liten storm. Sanstundes vil sludd- og snøbygene auke i aktivitet.

Måndagen held det fram med nordvestleg liten storm, først på dagen kan vindstyrken kome opp i full storm. Om kvelden løyar vinden noko og vi får stiv kuling. Snøbygene vil halde fram.

Tysdag startar med frisk nordvestleg bris og enkelte snøbyger. Vinden vil dreie til sørleg frisk bris, men om kvelden frisknar det til og vi får sørvestleg stiv kuling. Nedbøren vil etterkvart gå over til regn langs kysten.