Slutt på sommarvarmen

Etter ein lengre periode med varme og sol vil det blir både kjølegare og våtare den komande perioden.  

Været

No kan det i staden bli både kaldt og vått.

Den siste perioden har det vore eit strålande vårvêr på Sunnmøre, med ei rekkje dagar der temperaturen har kome over 20 plussgrader. No er det slutt for varmeperioden og det ser ut til å bli ein skikkeleg kontrast til vêret som har vore.

Onsdag ventar meteorologane at det igjen kjem nedbør inn over Sunnmøre og samstundes skal temperaturane gå ned. Torsdag morgon er det venta temperaturar heilt ned i 0 grader og det vil seie at nedbøren kan kome som sludd eller snø.

Det blir difor varsla om stadvis vanskelege køyreforhold.

Ifølgje langtidsvarselet på Yr.no er det venta nedbør og kjølige temperaturar heilt til over helga, men truleg blir det lettare vêr frå måndag.