Vinteren på ny visitt

Været

Etter ein svært varm april blir det eit heilt anna vêr i starten på mai. Dei siste dagane har det blitt både kjølegare og våtare, og det ser ut til at ein kan få til dels vinterleg vêr på Sunnmøre dei komande dagane.

Difor har meteorologane gått ut med farevarsel for Møre og Romsdal og Trøndelag, på grunn av ein god del nedbør som sludd eller snø. Det blir varsla at nattestid kan nedbøren legge seg som snø også i lavlandet, men at det truleg blir mest av dette i indre strok.

På langtidsvarselet ser det ut til at temperaturen skal stige noko frå søndag og utover i den komande veka, men det blir truleg framleis temmeleg kjølig, spesielt nattestid.