17. mai i 20 pluss

Meteorologane heisar flagget på Twitter og varslar over 20 grader i sør på nasjonaldagen. Våren kjem for fullt også elles i landet. Arkivfoto: Andreas Bjerknes.  

Været

Meteorologane heisar flagget på Twitter og varslar over 20 grader i sør på nasjonaldagen. Våren kjem for fullt også elles i landet.

– Mai har starta kjølig, men det blir det snart slutt på. Varmare luftmassar er på veg mot Noreg, og gjennom veka får vi meir vårlege temperaturar, melder Yr.

I Sør-Noreg vil det bli frå 10 til over 20 grader på det varmaste, nesten litt i meste laget for dei varmaste bunadene.

Ifølgje Yr ser det ut til at Møre og Romsdal og Trøndelag får det aller beste vêret 17. mai. Prognosane viser at det er her det er størst sannsyn for sol og over 20 grader.

I Nordland blir det venta rundt 15 grader, og litt kaldare lengst nord.

I Oslo-området er det varsla litt meir skya vêr, men også der vil gradestokken truleg bikke 20 grader. I Bergens-traktene blir det litt kjøligare og delvis skya, men ikkje regn der heller.