Sol og opphald stort sett over heile landet

Været

Det gode sommarvêret ser ut til å halde fram. Mot helga kan det bli opp mot 25 grader på Austlandet. I nord vil likevel temperaturane gå ned til helga.

Vestlandet har dei siste dagane vore prega av ein del låge skyer langs kysten, noko som vil halde fram dei neste dagane. I indre strøk kan det bli ein del ettermiddagsbyer fram mot helga.

– Det har vore mykje fint vêr på Vestlandet dei siste dagane, noko som held fram dei neste dagane. Temperaturmessig vil det for det meste ligge rett i underkant av 20 grader, i alle fall i den sørlege delen av Vestlandet. Fram mot helga ser det ut til å bli litt varmare i den nordlege delen av Vestlandet, seier ho.

Langs kysten av Midt-Noreg kan det òg bli skyer og ein del lokal tåke enkelte stader, men også pent vêr med sol fram mot helga.

– Det vil for det meste ligge rett i underkant av 20 grader. Det vil bli litt kjøligare inn mot helga, og frå laurdag av kan det bli to-tre grader lågare temperaturar. Fredag ligg det an til litt regnbyer i grensetraktene, seier Eikill.

Sommarvêret held fram i aust

– På Austlandet vil det bli ganske likt slik det har vore dei siste dagane. Ganske pent vêr med mykje sol. Det kan rett nok bli ein del ettermiddagsbyer enkelte stader, seier vakthavande meteorolog Rannveig Eikill ved Meteorologisk institutt til NTB.

Etter ein svært fuktig juni har sommarvêret tatt seg opp på Austlandet den siste tida. Årsaka er at eit høgtrykk ute i Norskehavet mellom Noreg og Grønland held lågtrykka unna – noko som fører til godvêr over stort sett heile landet. Temperaturane vil jamt over ligge over 20 grader i store delar av landsdelen inn mot helga.

– Det blir kanskje litt ekstra varmt Austafjells laurdag, men det er jo eit stort område med mykje lokal variasjon. Midt på dagen laurdag kan det bli over 25 grader enkelte stader, seier Eikill.

På Sørlandet, som for mange er ein populær landsdel om sommaren, vil temperaturane vere ganske like som på Austlandet. Spesielt i helga ligg det an til klassisk sørlandsidyll enkelte stader.

Kjøligare i nord

Nord-Noreg har hatt fint vêr den siste tida, med temperaturar opp mot 20 grader. I Tromsø har det vore over 20 grader dei siste tre dagane.

Til helga vil likevel temperaturane søkke brått over heile landsdelen.

– Til liks med i Midt-Noreg vil det frå fredag av komme enkelte regnbyer i grensetraktene, spesielt i Nordland og Troms. Det blir òg ein del låge skyer langs kysten, og det vil bli generelt søkkande temperaturar i heile Nord-Noreg. Fleire stader vil det ligge rundt 10 til 13 grader, seier Eikill.

Kaldast blir det i den austlege delen av Finnmark, der det ligg an til å bli godt under 10 grader.

Været