Knallvarme i heile Sør-Noreg til helga

Store delar av Sør-Noreg, og heilt opp til sørlege delar av Nordland, kan glede – eller grue seg – til temperaturar godt over 30 grader når helga kjem.

Mot slutten av veka kan det bli svært høge temperaturar over store delar av Sør-Noreg.  

Været

Allereie torsdag kjem varmen inn over store delar av landet, spesielt i Sør-Noreg. Det er trønderane som først får kjenne på varmen, så kjem den til austre delar av Austlandet.