Helgavêret

Varslar vind og væte

Haust Hausten er komen med vind og væte. 

Været

Det ser ut til at komande helg kan verte ei helg av det meir fuktige slaget. I alle fall når det gjeld nedbør.

For fredag melder meteorologisk institutt vest og sørvest stiv og kan hende sterk kuling utsette stader. Det vert for det meste skya og regnbyer.

Når det gjeld laurdag melder meteorologane opp i sterk kuling frå sørvest på kysten av Møre og Romsdal, vinden vil minke noko i løpet av formiddagen, men om kvelden frrisknar han til og aukar tll sterk sørvestleg kuling. Det vert ein del regn og regbyger.

Regn og regnbyger vert det også søndag, som teiknar til å verte ein fin dag for å fyre i peisen og kose seg innandørs. I tillegg til regnet er det meldt sørvestlig liten storm på kysten, som vil dreie vestleg og løye noko om kvelden.